Gardbrukaren på Bog som blei fant

Garden Bog ligg i Erfjord, attmed den vene Bogsfjorden som går i nordleg lei inn av Sandvik.  Sidan tidleg på 1700-talet var det to bruk på garden, og 1906 har desse to bruka ei skyld på til saman 10 mark.  Dei høyrde med til dei større bruka i Erfjord då.  I 1797 tok den 22 år gamle Gudmund Jensen Bog over det bruket som seinare fekk bruksnummer 2.  Me skal fylgja slekta hans på Bog frå fyrst på 1700-tallet, og vil seinare freista å finna nokre av etterkomarane hans.

Då Gudmund tok over garden etter faren Jens Halvorsen i 1797, hadde garden vore i slekta si eige i snaut 100 år.  Det var Gudmund si oldemor, Kari Paulsdotter, som heilt i byrjinga av 1700-tallet blei gift til Bog.  Då hadde ho allereie 5 born med seg frå Skiftun på Jøsneset der ho fyrst var gift med Ola Olsen Skiftun, født ikring 1651.  Han ætta frå Olav Koll på Skiftun, høgste skattytaren i Hjelmeland 1563 med 15 1/4 dalar.  Olav var gift med Birgit Sjovatsdotter Sandanger, sonedotter av Odd Sjovatsen Fevoll, nemnt 1519/ 1521/1539 og dotterdotter av Jon (Torgilsen?) Stillufseike i Vats, født ikring 1480 (av Dahl-Slee-ætt?).  På Bog blei Kari Paulsdotter gift med Tolleiv Johannesen frå Erøy, født ikring 1659, men dei fekk ingen born.  Frå sitt fyrste gifte hadde Tolleiv to jenter, og desse blei gift til Helgeland i Sandeid og Skiftun i Hjelmeland.

Eldste sonen til Kari, Ola Olsen født ikring 1691, tok over Skiftun.  Han blei gift med dotter til Tolleiv Bog, Jorunn Tolleivsdotter.  Dermed blei Kari óg vermor til eine stedotter si.  Denne slekta sit framleis på Skiftun.  Sonen Paul Olsen, født ikring 1695, veit me ingenting om, men dei tre borna Halvor Olsen, født ikring 1698, Olav Olsen, født ikring 1701, og Anna Olsdotter, født ikring 1703, kom alle for kortare eller lengre tid til å bu på Bog.  Anna Olsdotter blei ikring 1720 gift med Rasmus Larsen Hauskje i Hjelmeland, født ikring 1690.  I 1723 sådde dei på Bog 3 1/2 tønner og avla 12 tønner, og hadde 1 hest, 9 kyr og 18 sauer.  Då hadde garden skog til eige bruk og ei bekkekvern.  Dei budde på Bog til 1726 då Rasmus tok kona og dei to borna dei då hadde og flytte attende til Hauskje (Sjå Hjelmelands-boka II, s.464).

Olav Olsen budde óg på Bog.  Han var gift med Marita Olavsdotter frå Nordre Knutsvik i Hjelmeland.  Dei hadde i alle høve 6 born, men sonen Paul Olsen, døypt 11.april 1727, er den einaste som blei buande i Erfjord.  Han kom til Østerhus og har stor etterslekt.  Då Marita døydde i 1740 (skifte 20.september), ser det ut til at Olav flytter ut or bygda og overlét bruket sitt til Simon Olsen, født ikring 1725.  Det var difor Halvor Olsen som blei buande på farsgarden i Bog.

Halvor Olsen Bog var født ikring 1698 og blei gravlagt 24.april 1771.  Han var gift med Liva Jensdotter, født 1703, gravlagt 22.januar 1776.  Far hennar var Jens Pedersen Helland, født ikring 1665, husmann på Helland i Sand.  Liva har sonen Jens Ånonsen, døypt 23.juni 1729, med trimenningen sin, enkjemannen Ånon Jensen Marvik, født ikring 1784, gravlagt 10.desember 1729.  Det ser såleis ut til at Liva er av den gamle Marvik-ætta som går attende til Ånon Ormsen frå Byre, gardbrukar på Marvik i siste helvta av 1500-talet.  Eine fadderen er den komande verbroren hennar, Ole Bog.  Liva blei for dette «Leiermaalet» dømt til 3 års arbeid på fiskefelta nordpå.  Om ho verkeleg måtte sona denne straffa, veit eg ikkje.  Ho og Halvor hadde etter folketeljinga 1758 3 born:

1) Kari Halvorsdotter, født 1740, gravlagt 12.mai 1805.  Ho blei fyrst gift med Olav Toresen, og dei hadde ei dotter gift med skipper Lars Nilsen Håstø i Flekkefjord.  Kari blei gift andre gong 19.august 1788 med Ove Tørresen Langvik fra Rottenes under Tednes, født 1747, gravlagt 6.desember 1789.  Dei budde på Rottenes, og hadde ingen born.  Tredje gong blei Kari gift 11.august 1799 med enkjemannen Hadle Larsen Hamra, døypt 22.august 1723, gravlagt 17.november 1805.  Heller ikkje dei hadde born, som rimeleg var.

2) Olav Halvorsen, født 1745, gift 14.juli 1771 med Ingeri Nils­dotter Erfjord, født 1747. Dei budde på eine Erfjord-garden og hadde 5 born, men må ha flytta frå soknet då dei ikkje er nemnde 1801.

3) Jens Halvorsen, født 1748,  -sjå nedanfor.

Den 7.november 1782 blei Ånon Halvorsen Bog gravlagt, 31 år gammal og altså født ikring 1751.  Me skulle mest tru at han då var son til Halvor og Liva, men det er han ikkje.  Han er frå Natland, nemnd 7 år gammal 1758, son til Halvor Auensen, født ikring 1717, gravlagt 20.januar 1799.

Jens Halvorsen Bog var født 1748, gravlagt 27.desember 1804.  Han blei gift med Sissel Gudmundsdotter Aukland i Hjelmeland, født ikring 1747 og gravlagt 14.desember 1814.  Hennar foreldre var Gudmund Jensen Aukland, født ikring 1707, skifte 1757, gift med Karen Hauskollsdotter Steinsland, født ikring 1706, død 1775.  Gudmund ætta frå mykje fint folk, på farssida mellom anna frå Jon Tollaksen Aukland som sat med garden ikring 1430-1470, Arnbjørn Tjerandsen Mjølhus, nemnt 1519/21, Jone på Tøtland, nemnt 1519/21, Odd Sjovatsen Fevoll, nemnt 1519/21/39, Tolleiv på Norheim i Etne, nemnt 1518/19 og lensmennene Tore Gudmundsen Fosen, født ikring 1560 og Lars Knudsen Hogganvik, død 1626.  På morssida ætta Gudmund mellom anna frå Olav Knutsen Håland, nemnt på Fevoll 1563, Leif Halvorsen Øvre Bjørheim i Strand, nemnt 1519/21, Jone på Tøtland (to gonger), nemnt 1519/21, lensmann Lars Knudsen Hogganvik, død 1626, og Knud Torgilsen Stokka i Vats, nemnt 1603-1611.  Han ætta óg frå Børge Kristoffersen Ubø i Sjernarøy, født 1600, gift med Birgitte Fartegnsdotter Bagge som på farssida ætta fra Losna- og Galtung-ættene og på morssida fra Orm Amundsen Byre, født ikring 1520.  Karen Hauskollsdotter Steinsland var elles tipp-tipp-oldebarn av Hallvard Assheim, nemnt 1563.

Jens og Sissel hadde etter det me veit 3 born:

1) Liva Jensdotter, døypt 15.februar 1772, død 1846. Gift 20.novem­ber 1808 med Levar Salomonsen Krossvik under Økstra i Jelsa, døypt 7.desember 1788, død 1860. Dei budde i Krossvika, der dei fekk 2 born. Sjå Jelsa-boka side 664 vidare om desse.

2) Gudmund Jensen, døypt 26.mars 1775  -sjå nedanfor.

3) Halvor Jensen, døypt 15.april 1781.  Gift 1806 med Magla Arnesdotter Hjelmelandsvågen, født 1778.  Dei var busette i Hjelmelandsvågen og i Eiavågen under Ytre Eiane.  Sjå Hjelmelandsboka II, side 314 og 279 vidare om desse.

Gudmund Jensen Bog, født 1775.

No har me altså kome fram til karen me skal sjå noko nærare på, nemleg Gudmund Jensen Bog, døypt 26.mars 1775.  Som me har sett, hadde han mykje fint folk i slekta, og ganske sikkert eit forventningspress på seg til å føra slekta på Bog vidare.  Han tok over garden 1797, og er kalt Bogenes då han gifta seg 15.juli 1798 med den nesten 20 år eldre Susanna Tomasdotter, født ikring 1756.  Det kan synast noko underleg at han får seg ei så «gammal» kona.  Me skulle vel heller forventa ei ung kona som kunne føda mange born.  Ved giftarmålet er ho altså 42 år gammal, ein høg alder om ho no skulle til å føda for fyrste gong.  Gudmund er ein ung mann på berre 23 år.  Kvifor fekk han seg så ei kone som var nesten 20 år eldre?  Kjærleik, vil kan hende nokre seia, og det kan sjølvsagt vera den enklaste forklaringa.  Men eg trur óg der må vera eit anna moment til stades her.  Kan det vera at Gudmund sine foreldre nærmast fekk arrangert giftarmålet avdi ho var eit spesielt godt gifte?

Susanna er ikkje nemnd med noko gardsnamn ved giftarmålet.  Nokre gonger tyder ikkje dette noko anna enn ein slurven prest.  Men andre gonger ser me at jenter av høg byrd ikkje er nemnd med gardsnamn.  Då har dei ofte eit etternamn som knyter dei til ei slekt, og gjerne «Jomfru» føre namnet.  Men dette finn me heller ikkje her.  Fyrst trudde eg Susanna var ei ukjend dotter til Tomas Henrik Bertilsen Wegner, døypt 29.september 1714, handelsmann på Ottøy, frå 1763 på Jelsaneset, gravlagt 1.juli 1799, gift ikring 1740 med Berta Kristine Peders­dotter, født ikring 1720, død hjå dottera Anna­ og gravlagt 8.juni 1800.  Dei hadde 10 born.  Av desse vaks ifølgje Foldøy berre Anna opp (Sjå Jelsa-boka s.471).  Ho var døypt 27.oktober 1754, gift 14. november 1780 med Knud Rasmussen Rottenes under Tednes, født 1758 (som kan vera døypt 21.januar 1758 som uekte son til Rasmus Rasmussen og Berta Ånonsdotter Seltveit, Jelsa-Ombo, døypt 25.desember 1729.  Han er i alle høve konfirmert 18 år gammal i Jelsa 1776).  Dei budde fyrst på Rottenes, men kom ikring 1793/94 til Oppkommenes under Erfjord­bøen, og hadde ti born.  Båe dei to namna Susanna og Tomas kan knyttast til Wegner-ætta (Sjå Jåthun s.19f).

Me finn Gudmund Jensen og Susanna Tomasdotter på Bog i 1801.  Då er han 25 år, gårdmann og innrullert matros, og Sissel er 45 år.  Dei har to tenarar, Brita Sjursdotter på 50 og Rasmus Knudsen på 11. Brita Sjursdotter veit eg ikkje kven er, men Rasmus er døypt 16.mars 1788, og blei seinare husmann i Surnavik under Vik.  Foreldra hans var Knud og Anna ovanfor.  Jens Bog, far til Gudmund, er fadder for Knud og Anna sin son Bertel 1795.  Og endeleg er Gudmund Bog fadder for Knud og Anna si dotter Margreta 1802.  Det var alt dette som gjorde at eg trudde Susanna var dotter til Tomas Wegner og dermed syster til Anna.  Då ville det vera lett å forstå at Gudmund og Susanna hadde systersonen til Susanna som tenar 1801.

Men dette er altså ikkje tilfelle. Susanna var frå austre Bjerga i Sjernarøy.  Ho blei døypt 14.november 1756.  Foreldra hennar var Tomas Torgilsen Bjerga, født ikring 1720, gravlagt 21.desember 1800, gift 12.juli 1745 med Kari Filipsdotter Smith, døypt 8.juli 1725, gravlagt 26.desember 1794.  Tomas ætta mellom anna frå Tomas Jonsen søre Håland i Sandeid, Torgils Edvardsen austre Bjerga, født ikring 1600, den styrtrike Gudmund Olsen Ile, født 1633 og Knud Torgilsen Stokka i Vats, nemnt 1603-1611.  Kari sine foreldre var Filip Jørgensen Smith på Nesheim i Sjernarøy, født ikring 1688, død 1761, gift 1724 med Susanna Jensdotter Godtzen, født ikring 1693.  Ho var dotter til sokneprest i Stavanger, Jens Søfrensen Godtzen, gift med Karen Nils­dotter.  Filip sin far var sorenskrivaren i Ryfylke 1680-1711, Jørgen Filipsen Smith, født ikring 1753, son til postmeisteren i Stavanger 1655, Filip Jørgensen Smith.  Filip si mor, Sissel Mikkelsdotter Alantz, var dotter til sorenskrivaren i Ryfylke 1647-1687, Mikkel Nilsen Alantz, født ikring 1618, gift med Kristine Tårnsdotter Schive.  Og Kristine var dotter til byfut og rådmann i Stavanger, Tårn Søfrensen Schive, død 1634, gift med Sidsel Pedersdotter, død 1640.  Om ikkje Susanna var av Wegner-ætt, var ho av gjæv ætt for det!

Gudmund og Susanna fekk ingen born, og Gudmund tok seg etter nokre år sjølv til rette.  Han fekk i tur og orden 3 born med jenta Sissel Persdotter Tveitasjøen i Jelsa.  Og her har me enno ei gåte.  Me veit heller ikkje kor ho var ifrå, men ho er kalla Tveitasjøen då dei døyper dei tre borna.  Kan hende ho var tenar på Tveita i Jelsa og budde nedmed sjøen der?  Den 21.april 1811 døyper Gudmund og Sissel dottera Sissel.  Då er ikkje Gudmund skild frå Susanna, men då Gudmund og Sissel 4.april 1813 døyper sonen Jens, er Gudmund kalla «den fra sin Kone ved Bord og Seng adskildte Mand».  Me veit førebels ikkje kor det blei av dottera Sissel, men Jens blei berre 3 månader gammal.  Han blei gravlagt 26.juni 1813.

Elles rota Gudmund seg skikkeleg bort 1810/1811.  Brita Albretsdotter Fatnes i Sand får nemleg døypt dottera Brita 8.desember 1811 i Sandskyrkja, og då er Gudmund Jensen Bog oppgjeven som far til barnet.  Brita Albretsdotter var døypt 16.februar 1782 og budde heime hjå mora som var enkje 1801.  Foreldra hennar var Albret Olsen Fatnes, født ikring 1747, gift utanbygds med Marta Torbjørnsdotter, født ikring 1756.  Eg veit ikkje kor det blei av Brita og barnet hennar.  Ho er i alle høve ikkje nemnd i Jelsa/Sand dei neste 15-16 åra, og ho flytta kan hende ut or bygda. 

Den 20.august 1815 døyper Gudmund og Sissel sitt tredje barn, dottera Martha.  Då er Gudmund kalla «den fra sin Kone ved Bord og Seng separerte Mand».  Og dette og det fylgjande året hender det mykje. 30.oktober 1816 er det nemleg skifte etter Gudmund.  Han var «løben bort» antageleg i oktober/november 1815, og etter så lang tids fråver meinte dei «uomtvistelig» at det ikkje var den «und­vegne Gudmund Jensöns Hensigt at komme tilbage og antage sig sit Boe».  Det blei difor halde auksjon over det Gudmund hadde, ettersom «dette Boe var taget under lovlig Skiftebehandling efter Forlangende af Biörn Andersön Fuglesteen».  Bjørn Fuglastein hadde fyrste prioritets pant av 17. juli, tinglyst 1.august 1815 «i de paa Pladsen staaende Huse».

Men Gudmund hadde måtta flytta ut frå farshuset tidlegare.  For ettermannen på bruket, Bjørn Ingvaldsen frå Nes i Vikedal, tok over 20. april 1815.  Slekta hans sit framleis på garden.  Gudmund budde difor den siste tida på Bog på husmannsplasset Hagen.  Kor dette låg, veit eg ikkje.  Det er ikkje nemnd mellom Bog sine husmannsplassar i Erfjord-boka.  Kan hende var det berre eit lite hus i nærleiken av tunet, mest for ein inderstplass å rekna?  Det ser ut til at Gudmund etter kvart fann situasjonen så vanskeleg at han rett og slett stakk frå bygda.  Det kan ikkje ha vore lett på den tida å ha vore «sambuarar» som vel Gudmund og Sissel var.  Det var som me veit ein god del som fekk born utanfor ekteskap, men det var få som levde saman utanfor ekteskap.  Det var det stort sett berre omstreifarane som gjorde.  I alle høve må dette etter kvart ha vore til stor forarging for bygdafolket.  Det er ikkje utenkeleg at dei rett og slett jaga Gudmund og Sissel frå bygda.  Kan hende rømde Gudmund óg amtet.

No veit me jo heller ikkje sikkert om Gudmund og Sissel heldt saman så lenge etter dette.  Det kan godt vera at ho blei att i Jelsa/Erfjord-området.  Jenta Sissel Persdotter Tveitasjøen fekk i alle høve sonen Lars Olsen, født 15.november 1821.  Faren var Ole Salomonsen Sponevik under Bergeland, døypt 9.januar 1803, død 1863.  Foreldra hans var strandsitjar Salmund Jonsen på Nordnes under Jelsa prestegard, f.1755 på Sandvin i Odda, gravlagt 10.mai 1804, gift 23.august 1797 med Elisabeth Ellingsdotter, f.1771.  Ole blei elles gift 8.juli 1823 med Brita Nilsdotter Helgeland, Ombo-Hjelmeland.  Dei budde i Sponevika.  Kva Sissel gjorde i tida mellom 1815 og 1821 er ikkje godt å seia.  Kan hende har ho og Gudmund reist ein del, men så har Sissel vorte lei av dette livet og søkt til heimtraktene att?  Me kan berre gjetta.  Me kan vel tru at Gudmund har reist, og truleg heldt han seg borte frå Erfjord-traktane.

«Ægte og uægte Fanter».

Det er hjå presten og samfunnsforskaren Eilert Sundt me finn denne overskrifta (Sundt si "Fjerde Aars=Beretning" s.26).  Grovt sett kan me dela inn omstreifarane i to grupper: Dei som høyrer til det me kan kalla etablerte omstreifarfamiliar (som reiste i fleire generasjonar) på eine sida, og bygde­folk som av ein eller annan grunn hamna på fantestien på andre sida.  I sin fyrste bok om fantane skriv Sundt om ei bondekone i Bjerkreim som «forlod Mand og Børn og Hus og -opsøgte Fanterne».  Ho kom seinare attende. Det gjorde ikkje bondesonen som blei stamfar til det store Ouen-fylgje i Ullen­saker.  Han traff ei fente, «der i hans Øine var saa urimelig vakker... slog sig i Lag med hende og hendes Følge og blev komplet Fant».  Og sånn kan me halda fram.  Ofte var det yrkjet som gjorde at dei måtte reisa, eller rein naud.  Og for mange jenter sin del var det eit uekte barn som gjorde skamma og nauda for stor til å bli verande i bygda.  Då var det nokre som heller slo seg saman med eit omstreifarfylgje som fór framom (Sundt si "Beretning..." s.242ff. og "Fjerde Aars=Beret­ning..." s.26ff).

Så er det spørsmål kor me kan plassera Gudmund Bog i dette biletet.  Me har førebels ingen beinveges prov på at han levde som fant.  Det er sagt at han var «løben bort» i skiftet 1816, sjølv om dette ikkje treng tyda at han reiste som omstreifar.  Men sidan det ser ut til at både dottera Martha, og i alle høve dotterdottera Gurina reiste, er det ikkje urimeleg å anta at óg Gudmund gjorde det.  I alle høve var han ribba for gard og grunn, hus og heim, og hadde vel fått lite med seg då han fór.  I bygdefolk sine augo var han nok ikkje betre enn fant, i alle høve.  Kan hende han tok seg tilfeldig arbeid rundt ikring.  Når me no går over til dottera hans, Martha, har me å gjera med ei uektefødd dotter.  Som me har nemnt ovanfor, var det for mange av desse nærliggande å slå seg i lag med fantefylgjer.  Om Martha verkeleg gjorde dette, veit me heller ikkje for sikkert, men mye tyder på det.  I alle høve ser det ut til at ho ikkje var bufast.

Martha Gudmundsdotter Bog, født 1815.

Martha Gudmundsdotter Bog blei altså døypt 20.august 1815.  Fyrste gong me høyrer noko til henne, er ho 25 år og i Strand.  Der døyper ho 27.september dottera Martha, født 20.september (20.april?) 1840. Faren heiter Bjørn Pedersen Grødem, Strand.  Martha nyttar namnet Bog, sjøl om ingen av hennar slekt har sete på garden på 25 år då.  Bjørn var født i 1818, død 1886, og foreldra hans var Peder Bjørnsen Grødem, døypt 1.januar 1780, død 1860, gift fyrste gong 21.juni 1807 med Guraa Olsdotter Kraakevold, døypt 6.juni 1786, død 10.desember 1830.  Bjørn gifta seg i 1843 med Kari Bergesdotter Ur i Årdal, født 1815, død 1890.  Han tok over foreldregarden i 1843, og fekk berre ein son, Peder i 1844 som døydde etter berre 12 dagar (sjå Strand I s.29).

Eg går ut frå at den «Marte Gudmundsdatter Hovde» som døyper ei dotter i Finnøy, er identisk med Martha Bog.  Far til dottera er «Gift mand Svend Olsen (Sellelie eller Norem eller Barka i Strand)» - sjå Strand II s.796 om Svend.

a. Sidsel Svensdatter, f.6-10-1843, dpt. i Finnøy.

Martha Bjørnsdotter blei 24 år gammal gift 8.november 1864 i Randaberg med enkjemannen og tømmermannen Peder Olsen Rygstranden, født 7.juli 1825 og døypt i Strand.  Foreldra hans var «Ungkarl» Ole Ingebretsen Sandvik under Nedre Fister, født 1799, og «Pige» - fattiglemsdotter Anna Pedersdotter Grønnevig under Sandanger i Fister, født 1798 i Skartveitvågen under Skartveit på Halsnøy i Fister.  Anna budde hos broren Gaute Pedersen på Vatland i Strand då sonen Peder blei fødd.  Ole blei elles gift 8.november  -same dagen som sonen Peder seinare blei gift-  1828 med Anna Jorina Olsdotter Kvernhusholen under Folkvord i Høyland, født ikring 1789 (12/1801).  Dei budde på Øvre Fister og fekk sonen Ingebrigt i 1831, men flytte til Stavanger året etter.

Peder Olsen var strandsitjar på Ryggstra'en under Grødem i Randaberg.  Dette var ein plass framandfolk tok inn både frå sjø og land.  Allereie i matrikkelen 1668 heiter det om Grødem: «Liger i en Alfar Wej for dend Reysende, huor aff haffues stor besuering».  Etter kvart vaks det fram fleire husmannsplassar her.  I oktober 1867 festa Randaberg fattigvesen óg ei tomt til fattighus på Ryggja­stra'en.  Dessutan kom nokre husmenn utan jord til på 1800-talet.  Dei blei gjerne kalla strandsitjarar, og Peder Olsen var ein av dei. Han livnæra seg som tømmermann.  Ved folketeljinga 1875 er der heile 8 husmannsplassar med jord til, 3 strandsitjarar utan jord og fattighuset.  Dette blei tilsaman 61 menneske, eit heilt samfunn for seg nede i Ryggstra'en.  Men det var skarpt skilje mellom dei som budde her og andre bygdefolk, -og mange konfliktar (Lindanger I ss.84, 100 og 103).

Peder Olsen budde på Viste då han fyrste gongen gifte seg 25. november 1853 med Grete Severine Tobiasdotter, født ikring 1833 i Kvinesdal, død 1862.  Dei hadde 3 born:  1) Tobias, født 15.desember 1853 på Viste og døypt 26.desember 1853.  2) Andreas, født på Viste men ikkje nemnd med fødselsdag i kyrkjeboka, døypt 24.mars 1856.  3) Gabriel Olai, født 18.januar 1859 på Rygg­stra'en, heimedøypt av Tollak Ingebretsen Rygg 13.mars 1859, død 3.mai 1864 og gravlagt 10.mai 1864.

Martha Bjørnsdotter blei altså gift 8.november 1864 med Peder Olsen.  Dei budde på Ryggstra'en berre nokre få år.  Føre 1871 er dei komne til Stavanger.  Ved folketeljinga 1875 finn me dei i kjellaren på Aadlands­stykket No.1645.  Eigar er Gabriel Eriksen, og Peder og Martha med borna er nemnde som sjuande huslyden i huset.  Ved folketeljinga 1885 bur dei i Dokgaden 16, og i 1900 er dei komne til Ramslandssmauet 5 (eigar Anna Larsen).  Ved dottera Mathilde sitt bryllaup 1903 er Peder kalla Peder Olsen Tau.  Dei hadde mange barn, -sjå i slutten av denne artikkelen der dei er førde i eit samandrag.

Neste gong me høyrer noko til Martha Gudmundsdotter Bog er ho 35 år gammal.  Då døyper «Pigen Martha Gudmundsdotter» dottera Gurine i Jelsa.  Faren er «Enkemand Baard Uren».  Kven er så han?  Me finn Bård Bårdsen Urabøen under Nes i Sauda (H 7) - (I det registeret sokneprest Walnum oppretta over fantane i Noreg ikring århundreskiftet, er far til Gurine kalla Baard Baardsen Baarduren. Eg veit ikkje kor han hadde dette namnet frå, men kan hende han har høyrt det muntleg. I kladden til dette registeret står Baard Bendiksen Baaduren).  Han var frå Fosstveit, og blei 1802 gift med enkja Johanna Anders­dotter, født ikring 1777.  Ho døydde 1848, og Bård blei 1853 gift med Brita Ingemundsdotter Veka, født 1813.  Det skulle difor høve godt at han hadde ei «uekte» dotter i 1850.  Men me har óg ein annan passande kandidat, nemleg Bård Ellingsen Bandura (Rimar godt med Walnum sin Baarduren) under Bandeberg, født 1780 på Vårvik i Suldal.  Han blei enkjemann 1847 då kona Brita Monsdotter døydde.  Ein annan ting som kan tyda på at det er denne Bård me skal fram til, er at mor til Martha, Sissel Persdotter, jo fekk ein son med ein kar frå nabo­garden Bergeland.  Har Martha og mora halde seg på Ombo ei tid, eller var Ombo berre ein stoppestad på reiseruta deira?

For å komplisera biletet endå noko, kan nevnast at då Gurine blei konfirmert, er foreldra oppgjevne til piken Martha Gudmundsdotter Bog og enkjemannen Baar Nielsen Uren.  Der budde ein Bård Nilsen på Skiftesvik under Alveskjær, Bergeland, Ombo-Jelsa, men han var ikke enkjemann i 1850.  Han blei fyrst gift 1855, og namnet Uren er óg vanskeleg å knytta til han.  Dessutan er han 12 år yngre enn Martha, sjølv om akkurat det ikkje skulle diskvalifisere han.  Me kan med andre ord berre anta at det er Bård Ellingsen som er far til Gurine, noko sikkert prov har me ikkje.  Fadrane for dottera Gurine var Bjørn, Johannes, Osmund, Thurine og Karen M. Bygden.  Martha budde vel her då ho fekk Gurine.  Ved dottera sin konfirmasjon er fødestaden oppgjeve til Sildelid under Vatland i Bygda, og Martha sjølv heiter altså framleis Bog.  Martha har nok reist til vanleg, og teke inn ymse plassar.  Kan hende reiste ho helst lenger sør.

Men me finn henne død i Jelsa.  Ho døydde 29.mars 1904 «af Alderdom», bur då på Bjørnevaag under Østhus i Bygda, er nevnt «Ugift, Fattiglem», og blei gravlagt 2.april 1904 i Jelsa.  Kvifor ho akkurat budde på Bjørnevaag, veit eg ikkje.

Gurine Baardsdotter, født 1850.

Gurine Baardsdotter var født 28.mars 1850 på Sildelid under Vatland i Bygda og døypt 14.april 1850 i Jelsa.  Ho blei konfirmert 30. september 1866, og då kallast ho Erfjord.  Truleg har ho tent på ein av Erfjord-gardane, men ho er ikkje nemnd i Jelsa/ Erfjord i folketeljinga 1865.  Gurine reiste 1866 frå bygda, utan at det er oppgjeve kor hen.  «Attest modtat 27/10 70», skriv presten.  Ho levde etter det me skal sjå eit omflakkande liv.

«Lars Andersen Madland af Aaseral og Guraa Baards­dotter, Rejsende» døyper sonen Andreas i Vikedal 18.desember 1870.  Ti år seinare døyper Gurine sonen Bernhard Martinius i Nærbø 16.januar 1881.  Han var født 25.desember 1880 på Høiland i Nærbø «paa Moderens Gjennemreise», men då heiter faren «Veiarbeider Karl Johan Petersen fra Smaalenenes, Ungkarl (der arbeidet i Aaseral)», født ikring 1851.  Gurine kallast her «Enke Gurine Baardsdotter Madland i Aaseral født i Jælse», og presten legg til at «Hendes Mand Lars Andreassen af Aaseral døde ifølge Attest fra Provst Sinding i Stavanger 16/1 79».  Denne Lars må vera den Lars Andersen som er nemnd på plassen Varmekron under Madland i Åseral, men der sagt å vera født 1837.  I bygdeboka for Åseral står det at han flytta til Sola på Jæren i 1867.  Foreldra hans var Anders Knutsen Madland, f.1801, død 1871, leilending/husmann på Varmekron under Madland i Åseral, gift 2) 1830 med Torborg Larsdotter Madland, f.1794, død 1864.  I St.Petri kyrkjebok finn me «Arbeidsmand Lars Andreassen (gift)» gravlagt 22.januar 1879.  Her får me opplyst at han var født 1828 i Åseral og døydde 16.januar 1879 på Amtssykehuset i Stavanger.  Dødsfallsprotokollen opplyser at «Enke og umyndige Børn sorterer under Høilands Fattigvæsen».

Når me så går til Høyland Fattigstyre sin Forhandlingsprotokoll finn me Lars og Gurine omtalt i januar og februar 1879.  Her er Lars kalla Lars Aadnesen, og alle anvisningane er «imod Refussion Aaseral». 13.januar får han 4 kroner og 17.januar 8 kroner.  Så får han anvist 5 Kr. til «Dampskib og Skyds til Sygehuset» den 21.januar.  Som me veit døydde han den 16.januar, så anvisningane er vel førd etter at pengane er gjevne.  Men den 25.januar får «Lars Aadnesens Enke Kr. 2.00 ugentlig indtil videre imod Refus­sion Aaseral».  Og 5 dager etter får ho «1 1/2 Spands Lægd i Tillæg til Bevilgning 25/1. -Refussion Aaseral. Husleie til Sivert Rørvigs Enke. Rest for Januar 1.80... +2.40».

Den 12.februar 1879 får me så veta at «Anders Aaserals Familie»   -Gurine og borna-  får bevilga «Husleie til Toppe-Per Kr.2.40 pr. Maaned».  No er altså Gurine hjå ein busett omstreifar, Per Matthias Larsen, som blei kalla «Toppen» eller «Toppe-Per», født 1833 og kona Marthe Oline Kolbensdotter, født 1844.  Men ho blei ikkje buande der i mange dagane.  Allereie 21.februar får «Aaserals-Konen til Reiseudgifter under Transport til Aaseral Kr. 24.90 (Bager Lars Aadnesen) Kr.3.00 til Husvær og Brænde i 1 1/2 Uge».  Her kallast altså Lars bakar.  Og dette er det siste me ser til Gurine i Høyland.  Ho budde vel i Åseral til ho våren 1880 blei gravid med Karl Johan Petersen som var på vegarbeid i bygda der.  Gurine reiste seinare med Bernt Kristensen Kilen, født 6.mars 1849 i Finsland, døypt og konfirmert same stad.

Me skal ta med noko om dette Kilen-folket.  På same måte som nokre av Bogsfolket hamna ut på fantestien, finn me óg nokon av Kilen-folket der.  Desse var óg av solid bonde-ætt, men rota seg vekk med ymse ting.  Med Bogs-folket var problemet sambuarskap og uektefødde born.  Det var ikkje akseptable ting på den tida.  Med Kilen-folket kan det sjå ut som det var alkoholen som var problemet.  I alle høve førte problema i begge tilfelle til at dei hamna på sida av det etablerte og gode selskap.  I dette skal me sjølvsagt ikkje leggja noko moralsk fordøming, berre konstatera at det var sånn.  

Kilen-folket.

Kristen Rasmussen Røysland i Finsland var født ikring 1805 og døydde 1872. Han blei gift 1829 med Oslu Tomasdotter (Walnum kaller henne Aastov Tormodsdatter), født 1806.  Hennar foreldre var Tomas Sørensen Røysland fra Grindland i Finsland, død 1847, gift 1801 med Steinvor Bertorsdotter Røysland, født 1778, skifte 1845.  Steinvor fekk ein del av farsgarden -«Der heime» bruksnummer 7, i 1804.  Foreldra hennar var Bertor Rasmussen Røysland fra Vatneli, født 1747, død 1810 (ætta fra Gunder Kittelsen Vatneli som sat med garden i fyrste helvta av 1600-talet), gift med Todne Jons­dotter, født 1755, død 1839.  I skiftet etter Steinvor 1845 blei bruksnummer 7 «Der heime» sett til innløysing av versonen Kristen.  Denne Kristen Rasmussen var 1835 under forhøyr på Lahelle for slagsmål og fyll, og blei ilagt 1 års arbeid i jern + saksomkostningar.  Naboene melde han for «fredsforstyrrende forhold m.v.».  Han hadde óg to dommar for tjueri og sona desse med tukthusstraffar.  Kristen tok altså over garden 1845, men sat med han i berre 2 år.  Han selde 1847 for 400 spd. og flytta til Kilen under Vatneli.  Dei hadde i alle høve to søner som reiste, nemleg Bernt og Søren, men fleire av borna kan ha reist då Finslandsboka gjer få opplysningar.  Ifølgje Finslands-boka hadde Kristen og Oslu desse borna:

1) Rasmus Kristensen Kilen, født 1830.

2) Mari Kristensdotter Kilen, født 1832.

3) Tomas Kristensen Kilen, født 1836. Han reiste til Kristiansand.

4) Steivor Kristensdotter Kilen, født 1842.

5) Berte Kristens­dotter Kilen, født 1845. Ho reiste til Kristiansand.

6) Bernt Kristensen Kilen, f.6.mars 1849 i Finsland,  -sjå nedanfor.

7) Søren Kristensen Kilen, f.4.november 1852 i Finsland.

Søren er ein interessant kar, så me skal ta med noko meir om han.  Han var sjauar, og heldt seg mykje på Stavanger-kanten.  Der sat han óg mykje på Tugthuset, som var ein del av Den Kombinerede Indretning.  Fyrste gongen han blei sett inn, fekk han 6 månader, og sat frå 2.september 1873 til 1.mars 1874.  Det var politimeisteren i Kristiansand som då sørga for at han kom på Tugthuset, og årsaka var «Ørkesløshed og Drik».  Og med dette byrjer eit langt fengselstilvere (I protokollen for Tugthuset er han nemnt med fylgjande nummer: 77/1873,  6/1874,  63 og 133/1875,  33, 94 og 123/1876,  16 og 110/1877,  5 og 132/1878,  81 og 132/1879,   3 og 81/1880, 179/1881 og 173/1883).  Den 20.april 1875 blei han av politimeisteren i Kristiansand sett inn på Tugthuset i Stavanger på nytt av same årsaka, og fekk nye 6 månader.  Men 14.juli klarte han å rømma.  Og han var på frifot ein drøy månad: «Hidsendt fra Kristiansand og atter indsat; borte en 37 Dage. Skulle hensiddet til 25/11 75, men løslodes 16de s.M. Sendes Hjem».  Han hadde såkalla «Hjemstavnsret» i Kristiansand, det vil seia at han eigentleg sorterte under Kristiansand fattigvesen.  Stavanger Fattigvesen fekk difor refundert sine utgifter frå Kristiansand.

Allereie 26.november 1875 blei han av politimeisteren i Stavanger sett inn for nye 6 månader.  Den 16.januar 1876 klarte han å rømma att, men blei «Tilbagesendt fra Kristiansand og atter indsat» 2.mars 1876.  Då fekk han av politimeisteren i Kristiansand nye 6 månader på Tugthuset i Stavanger, men blei «Løsladt og hjemsendt 17/6 ifølge Lægeattest, der bevidner Sindsforvirring».  No spørs det om han var så sinnsforvirra at det gjorde noko, og allereie 26.juli 1876 blei han sett inn att på Tugthuset, no av politimeisteren i Stavanger, for 2 månader.  Då er han nemnt skomakar, og årsaka til at han blei sett inn denne gongen er «Lediggang og Drik».  Han slepp ut att 25. september.

Så blir han 6.november sett inn på Tugthuset att av politimeisteren i Stavanger for 3 månader, og må óg utstå «Vand= og Brødstraf i Byens Fængsel 5 Dage, indsat 25/11 76 Kl. 12 Middag. Tilbage 30/11 Kl. 12 M.».  Han slepp ut 25.januar 1877, men blir allereie dagen etter sett på ny vatn- og brød­straff i fengselet i 11 dager.  Så er det Fogden i Ryfylke som tek affære.  Den 17.august 1877 kjem han inn att på Tugthuset for 6 månader.  Og årsaka er den same som for nesten alle innsette, «Ørkesløshed og Drik».  Den 16.februar 1878 er han fri att, for 1.september 1878 på ny å verta sett inn av politimeisteren i Stavanger for 6 månader.  No er han óg kalla skomakar, og er innom fengselet eit par dagar i oktober.  Han rømmer 28.oktober, men 20.mars 1879 er han attende med ein dom på 4 månader.  Det er politimeisteren i Stavanger «i Henhold til Resolution 1/9 78» som set han inn.  No er han kalla sjauar att, og slepp ut 4.juni 1879.  Den 8.august same året får han nye 6 månader av politimeisteren i Kristiansand, og slepp ut 7.februar 1880.  Allereie dagen etter får han ein ny 6-månaders straff, men slepp ut 3.mai.  Så held han seg vel på Sørlandet att, for no høyrer me ikkje noko om han før 7.oktober 1881.  Då blir han av politimeisteren i Kristiansand sett inn på Tugthuset i Stavanger for 6 månader.  Og den 16. desember rømmer han att.

Søren Kristensen Kilen blei så gift 11.oktober 1882 i Høyland med Berta Olene Olsdotter, født 5.april 1845 på Skjæveland i Høyland, døypt 27.april 1845 i Høyland.  Hennar foreldre var inderst/husmann Ola Torkelsen Skjæveland, født 14.november 1824, død 16.september 1881, gift 29.august 1843 med Berta Maria Nilsdotter Haga, født 18.mai 1818 på Finnøy, død 1.januar 1885.  Ved giftarmålet er Søren kalla skomakar og paraplymakar, og det er oppgjeve at han har «Sandsynlig hjemstavn Kristiansand».  Den 21.november 1883 set politimeisteren i Stavanger han inn på Tugthuset for 4 månader, men han slepp ut nyttårsafta.  Kan hende er dette avdi kona hans er gravid.  Då sonen Karl Oskar blir døypt 1884 er han nemnd «Omstreifer, Arbeider» Søren Kristensen Omdal, og det er mogleg at han har dette Omdalsnamnet frå Sokndal.  Omstreifarane var ikkje så nøye med kva dei kalla seg, og broren Bernt hadde to born til dåpen i Sokndal 3.juli 1884.  Dei reiste vel helst mykje saman, og Søren var nok til stades då broren sine born blei døypte.  No var i alle høve tukthustilvere over.  Kona og barn kravde sitt.  Søren Kristensen Kjel er nemnd saman med broren Bernt på Jåttå i Hetland (tellings­krins 2, liste 41) som «Omstreifer, Paraplymager» i 1891.  Eg veit berre om sonen Karl Oskar Sørensen, født 18.juli 1884 på Kolnes i Sola, døypt 29.juli 1884 i Sola.  Han er 7 år i 1891.  Walnum fortel 1894 at «Søren har streifet om i 15 a 16 aar og forvolder fattigvæsenet udgifter. Nu i Høiland med understøttelse herfra».

Gurina og Bernt.

Som eg nemnde, kom Gurina saman med Bernt Kristensen Kilen ikring 1881/1882.  Då dei døyper sonen Kristen og dottera Berte Gurine i Sokndal juli 1884, skriv nemleg presten at foreldra er «Angivelig enkemand, omflakkende veiarbeider Bernt Kristensen Kilen, født i Bjellands prestegjeld, Finslands anneks 6/3 49 og angivelig enke Gurine Baardsdotter Jælse, født i Jælse prestegjeld 28/3 50, hvilke tilstaa at have levet i konkubinat omtrent 2 1/2 Aar. Ingen af dem kunde forevise presteattest eller andet skriftligt vidnesbyrd om deres herkomst, tidligere liv og vandel. Opgaven meddelt af begge foreldrene personlig».  Presten er mistenksam sidan dei ikkje har attestar, men me veit jo at Gurine verkeleg var enkje.  Bernt var som broren ein tur innom Tugthuset i Stavanger, men det blei med denne eine gongen.  29.desember 1882, -dagen etter at eldste sonen hans blei fødd-, blei han sett inn for 2 månader av politimeisteren i Stavanger for «Ørkesløshed og Drik».  Det kan ikkje ha vore lett for Gurina å vorte åleine med sonen Kristen dagen etter at han blei fødd!  Bernt slepp ut 28.februar 1883.

Ved folketeljinga1891 finn me Gurina og Bernt som «logerende» på Jåttå i Hetland (tellingskrets 2, liste 41).  Då er han kalla Bernt Kristensen Kjel, «omstreifer, blikkenslager».  Eg veit om 4 born:  1) Kristen Berntsen, født 28.desember 1882 i Aakrehamn, døypt 3.juli 1884 i Sokndal. Han er 9 år i 1891.  2) Berthe Gurine Berntsdotter, født 5.mai 1884 i Nærbø, døypt 3.juli 1884 i Sokndal. Ho er 7 år i 1891, konfirmert 2.oktober 1898 i Klepp, 16 år i 1900.  3) Oskar Berntsen, født 1886 i Haaland. Han er 5 år i 1891 og 14 år i 1900.  4) Alette Sofie Berntsen, f.5.mars 1891 på Jaatten i Hetland, døypt 26.mars 1891 i Hetland, konfirmert 22.april 1906 i Klepp. Ho er 9 år i 1900 (I tillegg nemner Walnum 5) Sofie Theodora, men eg har ikkje funne henne).

Gurine og Bernt slo seg ned på Orstadbakken under Orstad på midten av 1890-talet, for 4.oktober 1896 blir son til Gurine, Bern­hard Martinius Orstad, født 25.desember 1880 på Høyland i Hå og døypt 16.januar 1881, konfirmert i Klepp med karaktéren «Meget god kundskab og flid».  Walnum nemner 1894 at Bernt er «Gift, 5 børn. Streifet om med familjen i mange aar. Nu i Klep med understøttelse herfra».  Me finn dei óg på Orstadbakken i folketeljinga 1900.  Bernt er då nemnd husmann.  Walnum nemner vidare at dei var «Fattigunderstøttet i Klepp i ca 20 aar», og at dei har «Sandsynlig hjemstavn Kristiansand».  «Fattiglem» Gurine Kilen døydde på Orstadbakken 8.mars 1907 av kreft, og blei gravlagt 15.mars i Klepp.  Men Bernt gjekk ikkje lenge åleine.

 

Bernt og Karen.

«Fattigunderstøttet arbeider» og enkjemann Bernt Kristensen Kilen gifta seg 30.desember 1907 med den «delvis fattigunderstøttede» enkja Karen Dahl, født 16.februar 1851 på Engelsvåg, konfirmert 1.oktober 1865 i Klepp.  Hennar foreldre var Torkel Kristoffersen, født 27.september 1818 på Nord-Braut, død 23. april 1903, gift 13.juli 1851 med Elen Nilsdotter Foren under Orstad, født 1827, død 19.desember 1908.  Torkel er nemnd gardbrukar på Engelsvåg 1844-1863, husmann på Steintangen under Øvre Øksnevad 1865 og på Orstadbakken under Orstad 1875/1900.  Det kan nemnast at Walnum 1908 fører opp Bernt Kristensen Kilen som understøtta og «hjemstavnsberettiget» i Kristiansand.

Karen var altså enkje då ho gifte seg med Bernt.  I kyrkjeboka finn me at urmakaren Teodor Edvard Nilsen, født 15.november 1825 i Tanum ved Fredriksværn, konfirmert 12.desember 1841 i Kristiansands Tugt­hus, blei meld ut av statskyrkja 5.april 1886 saman med jenta Karen Torkelsdotter.  Dei melde seg inn i Metodistsamfunnet, og budde båe på Orstad då.  Så fekk «Pige Karen Torkelsdotter» i november same året ein son med den same «Urmager Teodor Edvard Nilsen, ogsaa kaldet Guttormsen og Dahl».  Presten legg til at «4de Mai 1886 blev disse Folk udmeldte af Statskirken og under 15de December 1886 ægteviedes de ved borgerlig Vielse».  Den sonen dei fekk var den kjende jærforfattaren og journalisten Theodor Dahl, født 4.november 1886 på Orstad, døypt 25.desember 1886 i Klepp og konfirmert 29. september 1901 i Klepp.  Seinare fekk dei óg sonen Thorvald Dahl, født 25.januar 1888 på Orstad, døypt 15.april 1888 i Klepp og konfirmert 5.oktober 1902 i Klepp.  Båe desse sønene flytta til Stavanger.  Som me ser blei borna til Karen og Theodor Dahl døypte og konfirmerte i statskyrkja, det var berre foreldra som var utmelde.  Men 30.desember 1907 skriv enkja Karen Dahle under «m.p.p.» («med paaholden pend») at ho vil inn i statskyrkja att.  Då er det nemnd at ho ikkje kjem frå noko bestemd samfunn.  Det var vel helst mannen hennar som var metodist, får me tru.

Karen budde på Orstadbakken hjå faren som enkje 1900, og Bernt og Gurine budde altså på same plassen.  Den 1.desember 1907 gifter Kristen Berntsen Kilen, eldste sonen til Gurina og Bernt seg i St.Johannes kyrkjelyd i Stavanger med Karine Østensen, født 1882 i Fister.  Ho var dotter til Østen Filipsen, født 1844 på Øye på Randøy, død 1905, husmann på Hammarsneset under Indre Sandanger i Fister, gift med Sofie Leivsdotter Einervoll i Hjelmeland, født 1844.  Før ho gifta seg hadde ho sonen Leif, født 1902, med Kristoffer Laurinius Olsen Bokn frå Boknaberget under Stor-Bokn i Finnøy, f.1880 (far hans var husmann, fiskar og treskomakar), og som då budde i Stavanger (på grunn av kriminelle handlingar blei han dømd til bortvisning frå kommunen).  Kristen og Karine fekk dottera Gudrun i 1908, og då er Kristen arbeidar i skiferbrotet på Randøy.

Den 30.desember 1907 blir så Bernt gift med Karen, og i mars 1908 reiser Bernt si dotter Berta Gurine til Sverige.  Ho får utflyttingsattest 19.november 1908.  «Sliper­kone» Karen Torkelsdotter Orstad, slipar og husmann Bernt Kiil's kone, døyr 24.november 1916 av hjartelammelse, og blir gravlagt 2.desember 1916 i Klepp.  Theodor Dahl, son til Karen, kjøpte seinare eit lite stykke på Orstad.  Han fekk 16.september 1930 skøyte på brnr.35, Håbakken av grdnr.9, Orstad i Klepp.  Bruket var på 2 øre, og var sommarbustad for Theodor og familien.  Kår- og enkjemann Bernt Kil, f.5.mars 1849, døyr 2.november 1939 på Klepp stasjon og vert gravlagt 7.november 1939 i Klepp.

Me har no fulgt Gudmund Bog, gardbrukaren som vel blei fant, og etterkomarane hans så langt me har funne.  Og me har sett at mange av dei hadde det heller vanskeleg.  Gudmund skeia ut, og dotter og dotterdotter fulgte.  Borna skal ikkje straffast for fedrane sine synder, heiter det.  Diverre ser me at dette ofte er tilfelle.  Det er viktig at me ikkje sit med eit dømande sinn overfor desse.  Skulle nokon av etterkomarane til Gudmund lesa dette, vil eg berre seie: Gled dykk!  De stammar frå interessante folk.  Det er historie i kvar linje her.  Om me berre hadde kunna snakka med Gudmund og dei andre sjølve!

Me skal her ta med ei stutt oversikt over denne Bog-slekta frå Gudmund av og frametter:

Gudmund Jensen Bog, døypt 26.mars 1775.  Gift 15.juli 1798 med Susanna Tomasdotter, født ikring 1756. Ingen born. Skild frå henne ikring 1812. 3 born med Sissel Persdotter Tveitasjøen. Sissel har sonen Lars Olsen, født 15.november 1821, døypt i Jelsa, med Ole Salomonsen Sponevik under Bergeland, født 1803 på Nordnes under Jelsa prestegard, død 1863. Gudmund hadde óg dottera Brita med Brita Albretsdotter Fatnes i Sand, døypt 16.februar 1782, død 1842. Foreldra hennar var Albret Olsen Fatnes, f.ca.1747, død 1801, heimel på foreldregarden Austre Fatnes brnr.2, gift med Marta Torbjørnsdatter Mollatveit i Sauda, f.ca.1757, død 1825. Ho fekk utlagt 3 23/100 merker smør i Austre Fatnes etter bror sin Ole Albretsen. I 1831 blei dette bruket delt frå som eit eige bruk.

1. Sissel Gudmundsdotter Bog, døypt 21.april 1811.  Gift 1839 i Skudesnes med Ivar Ivarsen Kuvik og busett der.

2. Brita Gudmundsdotter, døypt 8.desember 1811, død 1893.  Gift 1834 med Ole Andersen Løland, f.ca.1814, død 1884. Foreldra hans var Anders Andersen Bjødnavikjå fra Vestre Fatnes, f.1770, død 1822, husmann på LølandsHauen, frå 1821 Bjødnavikjå under Løland, gift 1) 1802 med Barbro Olsdatter Ersdalen, f.1779. Ole og Brita fekk 1837 skøyte på mor hennar sitt småbruk, brnr.2A Treflåt av Fatnes med skuld 3 23/100 merker smør (eller 17 skilling). Samtidig fekk Brita Albretsdatter folge. Brita og Ola bytta bruket sitt på Treflåt med brnr.6 i Ytre Vanvik 1847 og flytta dit. Dette bruket var på 21 merker smør. I 1868 delte dei frå brnr.6A Ulsnes med skuld 32 øre, og Nistovå brnr.6 var då på 1 mark. Same året selde dei og flytta til dottera på Brommeland. Ola Tre(s)flåt, som han gjekk for i daglegtalen, var ellers ein mykje nytta utskiftningsmann, óg etter at han kom til Brommeland som folgemann hos dottera.

a) Andreas Olsen Fatnes, f.1838, død 1839, 3 veker gamal.

b) Brita Olsdatter Vanvik, f.1845, død 1899.  Gift 1865 med Knut Tormodsen Brommeland, f.1837, død 1923. Knut og Brita tok over foreldregarden hans Brommeland brnr.1 då dei gifte seg. Dei hadde 10 born og stor etterslekt.

3. Jens Gudmundsen Bog, døypt 4.april 1813, gravlagt 26.juni 1813.

4. Martha Gudmundsdotter Bog, dpt.20.august 1815, død 29.mars 1904 «af Alderdom» på Bjørnevaag under Østhus i Bygda som «Ugift, Fattiglem», og gravlagt 2.april 1904 i Jelsa.  Ho har dottera Martha med Bjørn Pedersen Grødem i Strand, født 1818.  Så er det nok ho som er kalla «Marte Gudmundsdatter Hovde ?», og som døyper dottera Sissel i Finnøy 1843.  Faren er «Gift mand Svend Olsen (Sellelie eller Norem eller Barka i Strand)».  Ho har óg dottera Gurina med «Enkemand Baard Uren».

a) Martha Bjørnsdotter, født 20.september (20.april?) 1840, døypt 27.september 1840 i Strand.  Gift 8.november 1864 i Randaberg med enkjemannen og tømmermannen Peder Olsen Rygstranden, født 7.juli 1825 og døypt i Strand.

1. Peder Johan Olsen, født 3.desember 1864 på Ryggstra'en, døypt 1.januar 1865 i Randaberg.  11 år i 1885.  Gift 14.mai 1890 i St.Johannes med Marie Mathilde Cecilie Ananiassen, født 1868 i Stavanger. Foreldra hennar var tømmermannen Ole Ananiassen Løvaas i Riska, født 4. september 1843 i Høle (mor hans var elles døvstum), gift 15.april 1868 i Hetland med Johanne Marie Stølsvigen, født 1843 i Hetland. Ole og Johanne bur 1900 i Dokgata 16, der óg Martha og Peder budde 1885. 1890 er Peder Johan Olsen nemnd matros, og 1900/1901 arbeidar i Dokgaden 16.

2. Gurina, død 1 1/2 veke gammal 1.februar 1867 på Rygg­stra'en og gravlagt 9.februar 1867 i Randaberg.

3. Gabriel Olsen, født 2.februar 1868 på Ryggstra'en og døypt 22.mars 1868 i Randaberg. Han er 7 år i 1875, men ikkje nemnd i huset i 1885. 

4. Martin Olai Olsen, født 10.mars 1871 i Stavanger og døypt 21.mai 1871 i Domkyrkja.  14 år i 1885.  Gift 24.juni 1894 i St.Johannes med Kristiane Bjelland, født 9.januar 1873 på Brekke i Forsand (Sjå Sigleif Engen, Forsandboka I, Forsand 1981, s.142. Det er altså ikkje "Sonen Kristian" som vart fødd på Brekke, men "Dottera Kristiane". Dei flytta til Bjelland kort tid etter). Foreldra hennar var gardbrukar Hans Eriksen Bjelland i Riska, født 22.juli 1840, død 1930, gift 17.april 1872 i Forsand med Sikke Tollaksdotter Brekke, født 10.januar 1844, død 1918. Hans Bjelland flyttet forøvrig til Stavanger og arbeidet i omlag 35 år på Christian Bjellands fabrikker, og bodde som enkemann på Hommersåk. Martin Olai Olsen var over 30 år som verksmester hos Chr. Bjelland.

5. Bertine Sofie Olsen, født 17.juni 1873 i Stavanger og døypt 3.august 1873 i Domkyrkja.  12 år i 1885.  Gift 16.januar 1898 i St.Johannes med mekanikus Adolf Andreas Martinius Løvaas, født 1872 i Stavanger. Han var bror til Mathilde Cecilie ovanfor. 1900 bur Adolf og Bertine i Spilderhauggata 20. 1901 er han nemnd støyperiarbeidar.

a. Jenny Malene Løvaas, født 1.oktober 1899 i Stavanger og døypt i St.Johannes.

6. Mathilde Olava Olsen, født 7.november 1876 i Stavanger og døypt 14.januar 1877 i Domkyrkja.  9 år i 1885. 24 år i 1900 og heime hjå foreldra i Dokgaden 16.  Gift 6.juli 1903 i St.Johannes med matros Olaf Bertinius Haaversen, født 1883 i Stavanger. Far hans var malarsvend Kristian Haaversen, nemnd i Spilderhauggd.2 i 1901. Det er vel Olaf som er nemnd Ole Haaversen, lausarbeidar i Taarngd.22 i 1901.

7. Gustav Emil Olsen, f.11.januar 1882 i Pedersgata i Stavanger og døypt 29.januar 1882 i St.Petri.  3 år i 1885, ikkje nemnd heime 1900.

8. Alfred Bertinius Olsen, født 22.mai 1883 på «Molleberget» i Stavanger og døypt i St.Petri.  2 år i 1885.  Han er ikkje heime 1900, er «Tilsjøs, Sømand, Jongmand». Gift 2.desember 1905 i St.Johannes med Laura Knudsen, født 1882 i Avaldsnes. Far hennar var verksarbeidar Rasmus Knudsen. Alfred er nemnd matros då han gifter seg.

b) Sidsel Svendsdotter, f.6-10-1843, dpt. i Finnøy. Ho er i 1860 meldt utflytta til Hetland, men budde i Avaldsnes då ho i 1876 utvandra til Amerika over Bergen hamn.

c) Gurine Baardsdotter, født 28.mars 1850 på Sildelid under Vatland i Bygda, døypt 14.april 1850 i Jelsa, konfirmert 30.september 1866 i Jelsa, død 8.mars 1907 av kreft, gravlagt 15.mars i Klepp.  Gift med Lars Andersen Madland fra Varmekron under Madland i Åseral, født 1837, død 16.januar 1879, gravlagt 22.januar 1879 frå St.Petri, Stavanger. Veit om éin son.  Så hadde ho sonen Bernhard Martinius med «Veiarbeider Karl Johan Petersen fra Smaalenenes, Ungkarl (der arbeidet i Aaseral)», født ikring 1851.  Gurine reiste frå ikring 1881/1882 med Bernt Kristensen Kilen, født 6.mars 1849 i Finsland, døypt og konfirmert same sted, død 2.november 1939 på Klepp stasjon og gravlagt 7.november 1939 i Klepp.

1. Andreas Larsen, født 25.februar 1870, døypt 18.desember 1870 i Vikedal.

2. Bernhard Martinius Karlsen, født 25.desember 1880 på Høiland i Nærbø «paa Moderens Gjennemreise», døypt i Nærbø 16.januar 1881, konfirmert 4.oktober 1896 i Klepp.

3. Kristen Berntsen, født 28.desember 1882 i Aakrehamn, døypt 3.juli 1884 i Sokndal. 9 år i 1891. Gift 1.desember 1907 i St.Johannes kyrkjelyd i Stavanger med Karine Østensen, født 1882 i Fister.

4. Berthe Gurine Kristensen, født 5.mai 1884 i Nærbø, døypt 3.juli 1884 i Sokndal, 7 år i 1891, konfirmert 2.oktober 1898 i Klepp, 16 år i 1900, død 13-6-1964. Ho reiser mars 1908 til Sverige, utflyttingsattest 19.november 1908. Var ho gift der??  Ho blei 2) gift i Klepp og har stor etterslekt der.

5. Oskar Berntsen, født 1886 i Haaland. 5 år i 1891 og 14 år i 1900.

6. Alette Sofie Berntsen, født 5.mars 1891 på Jaatten i Hetland, døypt 26.mars 1891 i Hetland, 9 år i 1900, konfirmert 22.april 1906 i Klepp.

? 7. Sofie Theodora. 

 

Kjelder:

Ryfylke sorenskriver: Tingbok 1808-1815 (nr.3a-b)

Sognepresten i Høyland: Fattigforhandlingene 1869-1883 (nr.11)

Kyrkjebøker Jelsa, Strand, Frue/Randaberg, Sokndal, Nærbø, Klepp, Høyland

Folketeljingar Sand 1758 og 1801, Jelsa/Erfjord 1801, Hetland 1891, Klepp 1900

Den Kombinerede Indretning; Protokoller over innsette på Tugthuset.

 

Litteratur:

Norges Matrikel. Matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1 april 1906 i Stavanger amt. Kristiania 1906.

Erling Brunes: Klepp Gards- og Ættesoga gjenom 400 år. Klepp 1963.

Ola Foldøy: Jelsa I. Gards- og ættesoga. Suldal 1967. 

Jakob J. Jåthun: Litt om Galtung-, Wegner- og Rose-ættene. Ætt og Heim 1948, s.15ff.

Tarjei Liestøl og Torleif Eiken: Åseral. Gard og ætt. Bind II. Åseral 1987.

Birger Lindanger: Randaberg. Gard og ætt I. Randaberg 1984.

Eilert Sundt: Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge. Bidrag til Kundskab om de laveste Samfundsforholde. Christiania 1850.

Eilert Sundt: Fjerde Aars=Beretning om Fantefolket. Christiania 1865.

Magnus Våge: Erfjord Bygdebok. Frå ætte- og kultursoga i Erfjord. Stavanger 1959.

 

Sluttord:

Som vel dei fleste har fått med seg, har Erfjord no fått nye, flotte bygdabøker skrivne av Ernst Berge Drange.  Her fann eg opplysningar om dei to Sissel'ane, Sissel Gudmundsdatter f 1813 og Sidsel Svendsdatter f 1843. Det er vidare mykje om Gudmund ss73-76 i Erfjord I. Millom anna er det nemnd at Gudmund som faren var innrullert matros i marinen i unge år. Plasset Eikjehauen - eller Jensaplasset - som foreldra til Gudmund budde på etter at dei sette seg i folga, og der óg Gudmund budde ei stutt tid, låg ifylgje Drange ikkje langt frå lenningjå i Bog, medan plasset Hajen som Gudmund fekk festesetel på i 1815 låg nord på garden - innpå Gjer'e som dei sa. Men me veit óg at Hajen aldri blei teke opp sidan Gudmund rymde bygda. Drange fortel óg at Gudmund hadde fleire tvistar med grannar, og om separasjonsforhandlingane mellom Gudmund og Susanna. Og han fortel om problema den siste tida då Gudmund óg bygde seg opp mykje gjeld.  I det heile teke må det vel seiast at Gudmund Bog var ein fargerik kar!

 

Tormod Wasbø gjorde meg i ein meil 19.april 2006 merksam på ein liten detalj som for så vidt ikkje gjeld Gudmund Bog men Susanne sin familie: 

"SMITH-FAMILIEN PÅ NESHEIM I SJERNARØY

Gjennom mange år har jeg vendt tilbake til Smith-familien på Nesheim i Sjernarøy fordi jeg har noen ætterøtter der. I 2004 dukket det opp en spennende sak i Digitalarkivet: Skifteregister for Larvik 1672-1812. Der finnes det opplysninger som var nye for meg: Phillip Jørgensen Smidt på Næssum i Stiernerøen ved Stavanger er gift med Susanne Jensdtr. Hennes far er Jens Justasen som i 1730 var død ved skifte etter sin kone Karen Nielsd. Bosted: Langestrand i Larvik. Phillip og Susanne er nevnt på to steder i forbindelse med arveoppgjør.

Det gir oss hjelp til å komme litt videre i letingen etter opphavet til fru Susanne. Det er imidlertid en gåte at de har som fadder Anne Marie Godtzen til datteren Kari dp 01.juli 1725. Jeg spekulerte på om hun var identisk med prost Jens Godtzens kone – og hadde derfor noe raskt antatt at her var noen slektsforbindelser som vi ikke hadde observert underveis. Men hun er altså prestedatter fra Nedstrand - Phillip Jørgensen Smith kalles ’bondeopprøreren’ i Ryfylke
". 

Og ei retting på dette ved Leif Salicath 18.august 2012: Far til Susanne Jensdatter heiter ikkje Jens Justasen men Jens Gustavsen, lagverge i Langestrand: "Hele slekta hans ligger der, men hans far Gustav er ikke funnet. Da "alle" er masmestere, hammermestere ol. tipper jeg at Gustav er kommet fra Sverige":
  ForretningID Dato År Prot. ref. Side
18 18 08.03.1684 1673-1690 Skifteprotokoller 1 83b
  Rolle Relasjon Førenamn Etternamn Bustad Merknad
114 arving sønn Jens Gustafsen   fullmyndig; gift
115 arving sønn Knud Ormsen   fullmyndig
116 arving ektefelle Orm Knudsen    
117 arvelater   Karen Jensen Langestrand død; hadde vært gift to ganger
Digitalarkivet: Skifteregister for Larvik 1672-1812
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=43&filnamn=sk07071672&gardpostnr=18&personpostnr=117&merk=117#ovre

Tilbake til Indekssiden

Top of Page